OVERSETTERAKSJONEN 2006

OM FORHANDLINGSBRUDDET

  

HVA SIER FORLEGGERNE?

Les korrespondansen

  

FRA MASSEMEDIA

     

VÅR BROSJYRE

     

PRAKTISK INFO

TIL MEDLEMMENE

KONTAKT

  

HJEM

Oversettere sitter foran den uthulte fasaden til Gyldendal og maskinskriver brev til redaktørene.

Foto: Jon Rognlien.

ODDRUN REMVIKS APPELL

Norske omsettarar har fått nok.


Norske omsettarar vil bli tatt på alvor.


Norske omsettarar finn seg ikkje lenger i å arbeide for dei låge honorara som forlaga tilbyr.

Norsk Oversetterforening (NO) og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) har forhandla med Den norske Forleggerforening (DnF) i mange år.

1. april 2006 vart det erklært brot frå omsettarane si side.
Oversetteraksjonen 2006 er skipa, i dag er den offisielle lanseringa.

Omsettarar er frilansarar og har ikkje streikerett, men i aller høgste grad aksjonsrett, ikkje berre det, det er mange aksjonsviljuge omsettarar som no vil at NO/NFF skal sette makt bak krava.

Det er ikkje tilfeldig at vi er samla her midt mellom Aschehoug og det som no er igjen av Gyldendal Norsk Forlag. Inne der skal det kome eit nytt kontorbygg til 700 millioner kroner. Norske omsettarar unner Gyldendal det nye bygget av eit godt hjarte – men vi vil gjerne at forlaget sluttar med å be norske omsettarar om å subsidiere bygget med arbeidet vårt, for det har vi rett og slett ikkje råd til lenger.

Forleggarane hevdar at det ikkje løner seg å gje ut omsett litteratur, men talet på titlar aukar og talet på selde eksemplar går opp, korleis kan dette vere dårleg butikk?

Oversetteraksjonen er starta for å sikre omsettarar eit anstendig honorar.

Aksjonen har enkle krav:

Omsettarar skal handsamast som spesialiserte utøvarar av eit fag, ikkje som ein salderingspost i forlagsøkonomien

Honorara skal regulerast som lønn, ikkje som varer

Normalhonorar skal opp på minst kr 244 per side

Normalkontrakten må moderniserast

Første fase av aksjonen er papirlevering. I den gamle normalavtalen står det at omsettaren skal levere «trykkeferdig og lett leselig manus i maskinskrevet stand». Dette punktet har sett slik ut sidan 1972, og det er forleggarane som nektar å endre på det.
Verda endrar seg; Den Norske Forleggerforening står stille. Forleggarane har i dei siste femten åra betalt det same lusne kronebeløpet for såkalla elektronisk oppretting – det at omsettaren fører rettingane etter språkvask inn på skjerm og gir frå seg eit elektronisk produkt til forlaget. Forleggarane har også sagt at dei ikkje ser elektronisk oppretting som ein del av omsettararbeidet. Dette er sludder. Difor kjære oppdragsgjevarar, no får de det som de vil. Manuset på papir.

Kjære Geir Berdahl, leiar i Forleggarforeininga, men også direktør for Oktober Forlag, her skal du få manuset ditt frå ein av dine trufaste omsettarar. Du får det på papir.

Men du skal få meir, det er nemleg slik at norske omsettarar ikkje lenger vil ha knappar og glansbilete. Difor får du her tilbake ein pose med knappar og glansbilete. Det vi VIL ha er eit seriøst tilbod som gjer at norske omsettarar kan leve av å omsette bøker.

Kom på bordet med det, og du skal få fila til manuset ditt og du skal få verdens beste bøker på verdens beste norsk.

Oddrun Remvik
Aksjonsleiar, Oversetteraksjonen 2006

SE FLERE BILDER FRA LANSERINGEN